Nyttårsfest på Utsyn

Ja her komme då endeligt det så eg skreiv te Øyposten. Ein måne forsinka, men sånn e det. Så nå kan dåkke bare angra dåkke så ikkje va på Utsyn. Å sjøl om Roger å Øystein og va med å skreiv så vil eg ha mesteparten av æren evt den negative kritikken. Eg antar at jafall journalistspirene har ein del krasse kommentarar.

Tradisjonen tru vart det også i år arrangert nyttårsfest på Utsyn i regi av Finnøy Kristelege Ungdomslag. Dei som møtte fram fekk servert svinesteik og blei verta opp med god underholdning. Sjølv om oppmøte var noko lågare enn vanleg, var det ingenting å sei på stemninga til dei godt og vel 60 frammøtte. 

Ungdommar i alderen frå 13 til 24 år hadde teke på seg finstasen og møtt opp på Utsyn klokka 19.30. Feiringa varte ut i dei seine nattetimar. Ein tur innom kyrkja låg også inne i programmet. Det nye året skulle takast i mot på best mogleg måte.

For at det i heile tatt skulle bli nokon nyttårsfest har styret i Ungdomslaget jobba mange timar dugnad. Mat skulle lagast, scene byggast, bord pyntast og underholdning planleggast. I tillegg til ungdommane sjølve var det også god hjelp å få hjå ein del foreldre. Spesielt matlaginga var ei utfordring kor kyndige hender var til god hjelp. 

Kvelden starta med ein liten forsmak av underholdninga. Det var inga tvil om at me hadde noko å sjå fram til. Men mat må ein også ha. Svinesteik har vore nyttårsmat i Ungdomslaget i mange år. I år var det Erik Bleie som hadde ansvar på kjøkkenet. Han fekk god hjelp av Karl André Vignes, Arna Eggebø og ikkje minst Sissel Bleie. Maten smaka fortreffeleg og det var fleire enn dei underteikna som forsynte seg to gonger. Dronning Maud pudding runda av måltidet. Så var det klart for meir underholdning.

 
Ein gjengangar på scenen er damenes og herrenes tale. Her fyrar ein laus mot det motsatte kjønn. I år var det Jakob Steinnes og ei feminin utgåve av Kenneth Falkeid som lot frustrasjonen av manglande kavaler få fritt utløp. Ellers bestod underholdninga av mange heimesnekkra videosnuttar og sketsjar. Utanom dei som allereie er nevnt var også Ole Andreas Sivertsen, Odd Bergøy, Erling Rosland, Kjartan Eggebø og Torjus Bergøy. Heile kalaset vart sydd saman av den vakre og lett forfjamsa konferansieren Magne Eggebø.

Rundt klokka halv elleve bar det av stad til kyrkja. Også her hadde Ungdomslaget ansvar. Her var det møtt fram folk i alle aldrar. Stunda i kyrkja vart fyllt av song og ord til ettertanke av Rune Andreassen. Vi er mange som meinar at det er godt å få roa seg ned litt før rakettane skal fyrast opp. Men her er det viktig å holde tidskjema. Ein må jo vera tilbake på Utsyn før klokka tolv. 

Rakettoppskytinga skjedde utan uhell i år også. Og sjølv om veret ikkje var det beste var det mange rakettar som blei skotne opp. I tillegg blei mange håndtrykk og klemmar delt ut når klokka var slagen. Etterpå blei det servert kaker og meir underholdning. Det heile runda av i to-tida.

Nok ei nyttårsfeiring var over på Utsyn. Takka vera stor innsats og engasjement frå mange hald i Ungdomslaget lot folk til å vera nøgde med inngangen på det nye året.

2 kommentarer

Åshild

09.feb.2007 kl.15:55

ennå ein stil frå ungdomsskulen? :P
hehe

Daniel (fognabuen)

15.feb.2007 kl.10:15

Det er ein flott jobb du gjer med Ungdomslaget, det må eg berre sei. Eg veit kor stress det er å få i gang ungdomslag annankvar laurdag så eg tenkjer meg at du jobbar mykje med det. Stå på.

(Lediggang er roten til alt vondt)

Skriv en ny kommentar

Kjetil Sevheim

Kjetil Sevheim

25, Finnøy

Eg e ein unge mann så gjere så godt ann kan. Å det går kje alltid så bra. Då e det godt å ha Jesus. Et par reglar: Ikkje tull me meg når eg nettopp har stått opp. Ikkje tull me meg når fotballresultatene går i mod. Ellers e eg me på alt

Kategorier

Arkiv

hits